Endre Olsen

STED

Lille Ole Bull

DATO

Tirsdag 16. oktober 2018

DØRENE ÅPNERTID

19:00 20:00

ALDER

18 år - vergeordning

VERGESKJEMA

SKJEMA

PRIS

200 + billettavgift

Kritikarfavoritten Endre Olsen er aktuell med albumet ”Bøttevis med blått” og gjester Bergen Live Sessions i høst!

Den tale- og skriveføre Endre Olsener ute med si første plate på norsk, på velklingande sunnhordlandsdialekt. Den folkelege familiefaren og visesongaren frå øya Stord, utanfor Bergen, har gått ein lang veg som trubadur på brune pubar i Nord-England og på Vestlandet, med utalige timar som entertainer og musikar i all slags musikalsk vêr og vind, før han no endeleg har landa si eiga musikalske stemme, på si eiga dialekt. Han forlét storbylivet, følte seg ferdig med det – og drog heim for å verta konge i eiga bygd, eller kanskje mest i eige liv. Han skriv komplekse men direkte tekstar om personlege hendingar, og står like støtt på engelsk som på norsk. Han står og syng på ei valgbod nær deg, han underheld borna dine på barnekonsertar, han er den som spelar når du giftar deg, eller når nokon du kjenner har gått bort – men mest av alt fortel han historier gjennom tekstane sine, mellom songane, eller helst mellom linjene.

Dagbladet seier at Olsen ”kan minne om Tønes, men med større musikalsk spennvidde”. Bergens Tidende meiner han har levert ein kommande klassikar, og at hans ”første norskspråklige plate er både sammensatt, intens og fullstendig henrivende”. Klassekampens Charlotte Myrbråten kallar det eit album for deg som ”setter pris på langt over gjennomsnittet gode sangtekster på norsk”, og refererer til linjer som ”Fortell han om den svarte himmelen, og lyden av tidsinnstilt regn/Han husker bare solskinn, og ingen nådeløse tegn/Trenger ingen full forklaring, eller lovnader om ro / Ber ikke om en åpenbaring, bare et glimt av hvor han sto”.

Med seg på scenen har han bestevenninna si og typen, og tre andre nære venner, alle med lang erfaring frå band som Real Ones, Silja Sol, The Royalties, Casiokids, Good Time Charlie, Alibiet, og eit lass andre vestlandskonstellasjonar.

 

 


ARTIST’S LINKS

VENUE

Lille Ole Bull

Kapasitet: 250
Webside
Telefon +47 55 32 11 45
Epost: liv@olebullscene.no

FØRST I BILLETTKØEN?

Som medlem av Bergen Live og Bergenfest sin konsertklubb mottar du informasjon på e-post og i Facebook-nettverket om forsalg, nyheter og tilbud fra Bergen Live og Bergenfest. Ved påmelding samtykker du til vilkårene for konsertklubben som beskrevet i vår personvernerklæring.

BILLETTER

TICKETMASTER
815 33 133
GRUPPER OG HOTELLPAKKER
09901
GRIEGHALLENS BILLETTKONTOR
55 21 61 50