Storm Weather Shanty Choir
DATO
Lørdag 29. november 2025
DØRENE ÅPNER TID
19:00 20:00
ALDER
18 + verge
PRIS
455 + avgift / 360 + avgift
I 2025 har Storm Weather Shanty Choir levert rå og energiske tolkninger av sjantiar og sjømannssongar i 25 år. Dei går inn i jubileumsåret med uforminska energi!
Den tidlegare seglskutesjømannen Haakon Steinar Vatle starta Storm Weather Shanty Choir etter inspirasjon frå seglskipet Statsraad Lehmkuhl, der han jobba på dekk i fleire år. Då han vende tilbake til Stord samla han venegjengen, Rune Nesse, Vidar Vedå, Gisle Østrem, Ronny Sætre og Roald Kaldestad, og danna rockekoret.
Musikalsk famnar Storm Weather Shanty Choir stadig breiare, og dei har blitt kjende som eit fargerikt innslag i både folkemusikk- og rockemiljø. Dei har turnert fleire gonger i Japan, USA og Europa, og her heime har dei spela på festivalar som Vossa Jazz, Den festivalen i Vangen, Trænafestivalen, Tysnesfest, Førdefestivalen, Bergenfest, Folkelarm og by:Larm. I tillegg er dei årvisse gjengangarar med utselte hus i Oslo, Trondheim og Bergen.
Varm opp stemmebånda og bli med på ei heftig musikalsk sjøreise!